GardshistorieNybø låg under fellestunet på Midtbø fram til utskiftningi i 1892-95. Då vart tunet flytt austover mot Rikheim si grense.
Stove og fjøs vart bygd opp att i det nye tunet, og kårhuset tok dei med seg frå Midtbø. Jon Knutson Nybø (1874-1902) dreiv garden på denne tida saman med faren, men han dø berre 28 år gammal, så kona Kirsti sat igjen aleine med 4 små born. Jon rakk ikkje å overta eigendommen, så neste brukaren sonen Knut Jonson Nybø (1898-1979), overtok eigentleg garden rett frå bestefar sin i ung alder. Saman med familien dyrka han opp mykje av jorda på garden. I perioden 1946-1950 vart familien hardt ramma av tuberkolose. Sonen til Knut, Jon dø i 1946, 24 år gammal. Året etter dø mor til Knut, Kirsti, og så dottera hans Kristi i 1948, og i 1950 dø og kona Stine O. Wendelbo. Dette gikk nok hardt utover han og dottera Anna Sofie. Men han heldt ut, og med god hjelp dreiv han garden videre med kyr, sauer, hest, gris og rev fram til han vart gammal, då overtok sonen til bror hans garden. Dette min bestefar Knut Bårdson Nybø. |
|
I tida frammover fikk garden kontrakt med konserves fabrikken på Lærdalsøyri, og det vart lagt om til grønsaksproduksjon. Fleire sortar kål, gulrot, og poteter vart dyrka i åresvis. I tillegg hadde dei og rev.
I 90 åra vart Heistad (fabrikken) nedlagt, og det var ikkje like enkelt og få levert grønsakene meir. I 1994 kom det derfor sauer til gards igjen.
Seinare vart det og dyrka jordebær og fleire mål med bringebær.
I 2005 overtok eg (Gro A. Nybø) garden etter bestefar min, og me driv i dag hovudsakleg med sau, og har ca. 90 vinterfora. I tillegg har me ein del andre husdyr som høglandsfe, kasjmirgeiter, hest, esel, lama, minigris, kaniner, høns og ender. Har og planta ein del bringebær.
Har tenkt å starte besøksgard etterkvart.
Det bur no tre generasjonar på garden, i tillegg til Anna Sofie som har flytta heim frå Oslo, og alle er flinke å hjelpe til med gardsarbeidet!